Vanskeleg start for unge krabbefiskarar

Tolvåringane hadde laga sin eigen krabbetelefon, og håpa på sal då den første ringde inn. Det viste seg å vere ein tilsett i Fiskeridirektoratet.

HAVBRUK 13.07.2016 12:52 Av Kjetil Haanes, Nett.no
 

Tolvåringen fra Herøy på Sunnmøre ville ha noko nyttig å gjere på i skuleferien, og starta selskapet K og G Krabbefiske saman med kompisen og jamaldringen Konrad Stenersen.

– Vi starta med ti teiner. Vi har fått hjelp med å skaffe oss båt med krabbehalar om bord. Utan krabbehalar var det litt tungt å hale opp teinene, seier Konrad.

Webside

Torje Thorsen Torvik, også han ein kompis på tolv år, laga webside for nysatsinga.

– Torje har god peiling på data og laga ei heimeside for å hjelpe oss å selje krabben.

– Sida vart kjempetøff, seier Gard og Konrad.

Firmamiddag

Dei seier at første målet med krabbesalet var å skaffe nokre fleire teiner og betale for bensinen.

– Kanskje vi etter kvart også kunne fått oss større båt og ha teinene lenger frå land.

Det starta også bra med satsinga. Til familie og nære venner ble krabbeklør kokte og selde til 100 kroner kiloen. Etter første veka med jobb kunne dei unge krabbefiskarane unne seg ein firmamiddag med hamburger på Elmirs i Fosnavåg.

Men så starta problema:

– To dagar etter at vi la ut heimesida ringde Fiskerdirektoratet og ville vite kva vi styrte med. Dei hadde oppdaga sida på nettet, seier Gard.

Ikkje gamle nok

Han fekk seg ein alvorleg stuss, og tok kontakt med faren Arnstein Leinebø.

– Pappa ringde salslaget (Sunnmøre og Romsdal fiskesalslag, red.mrk)  men der sa dei at det ikkje var sikkert vi kunne få løyve til å fiske og selje for vi er ikkje gamle nok til å få frikort. Men dei skulle vurdere søknaden.

Det har salslaget også gjort. Etter at Nett.no omtalte saka for nokre dagar sidan, har gutane fått løyvet dei trenger. No er dei i gang med krabbefisket  – og  innrapporteringa som følgjer med.

Stoppa salet

Gard  og kompanjongen er dermed kome ut av ein vanskeleg situasjon, etter at dei fyrst sletta heimesida og stoppa krabbesalet.

– Vi kunne ikkje risikere å verte bura inne. I alle fall ikkje no i sommarferien, sa  karane til Nett.no.

– God tilnærming til arbeidslivet

Arnstein Leinebø, far til Gard Leinebø, rosar gutane for både oppfinnsomheit og arbeidslyst.

Han har sjølv vore fiskar og fiskebåtreiar, og meiner krabbefiske for born og ungdom er ein god måte å tilnærme seg arbeidslivet på, og ein aktivitet som har foregått langs kysten gjennom generasjonar.

– Regelverket må ikkje verte så komplisert at det vert for vanskeleg for desse unge som har lyst til å arbeide og skape, seier han.

Les kommentaren frå direktoratet her.