Har sett ein rekord som kan bli ståande ei stund

Trålaren Gollenes har hatt ein årsfangst på i overkant av 52 millionar kroner.

HAVBRUK 29.12.2015 13:22 Av Jann Flatval, Nett.no
 

Fangstinntekta er auka med rundt femti prosent, sammanlikna med fjoråret. Ifylgje reiarane var 2014 eit bra år det også.

– Vi har den beste båten, og når det klaffar slik det har gjort i år så blir det bra.

Det seier Frode Kvalsvik og Asbjørn Ose, som eig halvparten kvar i det driftige herøyreiarlaget til Nett.no.

Jamt over veldig bra

Gollenes er ikkje den einaste av herøybåtane som kan sjå tilbake på eit godt fiskeriår i 2015.

– Det har vore eit jamt over veldig bra år, og særleg for dei pelagiske trålarane. Dei kan notere seg for stor framgang i forhold til i fjor, seier Gunnar Sævik i Skipsregnskap As.

Nest høgste

Tala som Sævik kan legge fram no på tampen av året viser at herøyflåten i år kjem opp i ein samla fangstverdi på 1.384 millionar kroner i 2015.

Auken frå i fjor er dermed på godt over 200 millionar kroner, og historisk sett blir fangstverdien i 2015 den nest høgste som som nokon gong er registrert for den største fiskeflåten i Møre og Romsdal.

Augepål og kolmule

Det er særleg to årsaker til at dei pelagiske trålarane har gjort det så bra i år. I tillegg til at 2015 har vore eit spesielt godt år med augepål, har denne fartøygruppa også fått nyte godt av storleiken på kolmulekvota. Og prisane på råstoffet har vore bra heile året.

Den beste samanlikninga av 2014 og 2015 får ein med å sjå på ringnot med kolmulekonsesjon. I denne gruppa har det ikkje vore noko endring av innsatsen (talet på båtar) frå det eine året til det andre, og fangstauken på 17 prosent gjenspeglar dermed auken i kolmulekvota der kvar båt kunne fiske 2000 tonn meir enn i fjor. Ringnotbåtane frå Herøy fekk dermed ei gjennomsnittleg fangstinntekt på 64,5 mill. kroner i 2015.

Skårar på bifangst

Med dette som bakteppe blir det oppsiktsvekkande når ein pelagisk trålar passerer 52 millionar kroner i årsfangst.

Forklaringa på det eksepsjonelt gode resultatet til Gollenes er at denne båten er spesielt tilrettelagt for å ta vare på bifangsten og har kunna levere sei for rundt ti millionar kroner i 2015. Utan dette tillegget hadde båten hatt ei inntekt meir på linje med dei to andre pelagiske trålarane i herøyflåten.

Les heile artikkelen på Nett.no.